Dette er stikk i strid med intensjonen for den nye reforma for einslege forsørgjarar, konkluderer ein rapport frå Rokkansenteret.

Mange einslege mødrer har fått dårlegare økonomi dei siste fire åra. Berre ein fjerdedel har ei inntekt som er høg nok til vanleg forbruk. To av tre aleinemødre har problem med å takle ei uventa utgift på 2000 kroner, og nær førti prosent er storforbrukarar av tenester frå sosialkontor, trygdekontor og arbeidskontor.

Den nye reforma frå 1998 for einslege forsørgjarar må ta sin del av skulda for at desse kvinnene har fått det verre økonomisk, meiner forskarane bak evalueringsrapporten «Omsorg, tid og pengar for likestillingens frontløpere».

Mot intensjonane

Rapporten er skriven på oppdrag frå Sosialdepartementet, og er basert på einslege forsørgjarar sine eigne erfaringar med ordninga. 98 prosent av kvinner.

— Stikk i strid med intensjonen er det blitt tøffare å vere aleinemor etter at den nye ordninga vart innført, seier prosjektleiar og forskar ved Universitetet i Bergen, Liv Johanne Syltevik.

Målet med reforma har vore å få einslege forsørgjarar ut i full jobb. Færre skal bli trygdemottakarar over lang tid, og stønadsperioden er korta ned.

Sidan 1998 er talet på mottakarar av overgangsstønad blitt halvert. Men under halvparten av gruppa er i full jobb når stønadsperioden er over, viser rapporten.

Samtidig har ein del mødrer fått redusert inntekt. Dette gjeld særleg kvinner som ikkje har klart å gjere seg ferdig med utdanning, er lågtlønna, jobbar deltid eller har problem med å takle livssituasjonen.

Lite fleksibel

— Problemet er at ordninga tek utgangspunkt i at det er full likestilling, og at alle problem blir løyste berre dei kjem seg inn på arbeidsmarknaden. Men situasjonen er veldig ulik for desse kvinnene. Fleire har problem med å få jobb, eller full stilling dersom dei jobbar deltid, seier Syltevik

Rapporten viser at dei fleste er positive til prinsippa i reforma, men i praksis opplever mange henne som lite fleksibel. Mødrene gjev uttrykk for at det er slitsamt å kombinere fulltidsjobb med eineomsorg for barn, og mange ønskjer å behalde delar av overgangsstønaden slik at arbeidstida kan reduserast eller påbegynt utdanning fullførast.