— Vi er ute etter dei best motiverte soldatane, og vi legg vekt på at dette skal vera frivillig, seier sjefen for styrken, major Gaute Gunnarskog til Bergens Tidende.

Bergenhus Heimeverndistrikt nr. 09 (tidlegare HV09 og delar av HV10) har sett Bjørn West som namn på den nye innsatskommandoen sin, same namnet som den kjende motstandsgruppa i fjellområdet rundt Matre i Nordhordland under krigen.

Skarpladd

Innsatsstyrken skal vera klar med skarpladde våpen på 24 timars varsel dersom ein fiende trugar, eller ei krise oppstår i fredstid. Dei skal trena inntil 25 dagar i året, mot ei veke for andre HV-soldatar.

250 er allereie tekne ut, og nyleg vart 98 vurdert under ei HV-øving på Bømoen og i Skjervet. Her vert det øva på skarpskyting, nærstrid i bystrok, også innandørs, og rappellering i tau nedover steile fjellveggen.

— Av ei gruppe som denne, vil det erfaringsmessig vera rundt 30 aktuelle for Bjørn West, fortel Gunnarskog.

Dei andre blir plassert i forsterkingsstyrken eller oppfølgingsstyrken. HV-soldatar fødde før 1970 vart for ei tid sidan «avkledde» og overført til reserven, fordi mannskapstalet skulle reduserast.

Modernisert

Heimevernet har i det nye forsvaret overteke mange av Hæren sine tidlegare oppgåver, og framstår i stadig meir modernisert utgåve. Skyttargraver er gått av moten. Moderne våpen har gitt striden nye former, som det må øvast på. Soldatane sitt personlege utstyr er kraftig oppgradert samanlikna med det gamle HV.

Innsatskommandoen, sjølve spydspissen i Heimevernet, vert inndelt i fleire spesialistavdelingar, mellom anna jegertropp, hundetropp, skarpskyttartropp og militærpoliti.

Bjørn West-soldatane må skriva treårig kontrakt og vera budde på innsats over heile HV-området, som strekkjer seg frå Sveio til Tyinkrysset.

Nye distrikt

Etter den nye inndelinga frå 1. august femner HV09 om heile Hordaland og den delen av Sogn som ligg sør for Sognefjorden, men slik at heile Lærdal og heile Årdal kommune er med. Av Høyanger kommune er berre sørsida av fjorden med. Resten av Sogn og Fjordane høyrer no til Møre og Fjordane Heimeverndistrikt med stamkvarter på Stenesmoen ved Åndalsnes. Det tidlegare hovudkvarteret for Fjordane HV 10 på Skei i Jølster er til sals.

Bergenhus HV-distrikt har hovudkvarter i Bergen og viktige øvingsområde på Ulven (Os), Voss og Mjølfjell.