Tilsetjingsstopp, innkjøpsstopp, stopp i vedlikehald, reiser og kurs, er resepten eit samrøystes styre for Helse Vest i går skreiv ut for legar, sjukepleiarar og andre tilsette ved helseføretaket.

Berre psykiatrien skal skjermast.

Mot røystene til dei fire representantane for tilsette, vart det også vedteke å redusera talet på stillingar til nivået i første halvår i fjor.

Det paradoksale i situasjonen at aktiviteten vart redusert i fjor, for å spara pengar, men talet på årsverk har auka. Det er alvorleg i eit føretak der 70 prosent av kostnadene er lønningar.

– Vi har ikkje fått redusert bemanninga i takt med nedtrekket i aktiviteten, sa fungerande administrerande direktør, Anne Sissel Faugstad.

For berre ein månad sidan tilsa prognosane at Helse Bergen vil gå på eit underskot på 92 millionar kroner. I går var dette talet oppjustert til 145 millionar kroner.

– Situasjonen er svært alvorleg. Der blir svært vanskeleg å retta opp dette så seint i budsjettåret, men vi må prøva å gjera så godt vi kan, sa styreleiar Ranveig Frøiland.

Meir enn 50 prosent forverring frå eit styremøte til det neste, sette ein støkk i heile styret. For å understreka alvoret, vedtok dei tøffare tiltak enn administrasjonen la opp til. Dei tilsette sine representantar ville likevel ha utgreidd konsekvensane før dei røysta for ei talfesta nedbemanning.

Arbeidet med budsjettet for neste år ser ikkje ut til å gje romslegare vilkår i Helse Bergen.

– Pasientrettane er for liberale i høve til økonomien. Anten må dei (Staten) gje oss pengar, eller så må vi få skaffa oss inntekter sjølv. At Staten tillet underskot er eit Svarte-Per-spel som ingen gidd å halda på med i lengden, sa viseadministrerande direktør Stener Kvinnsland.