Torsdag skal formannskapet ta stilling til kuttpakken. Innsparingane skal slanke budsjettet med fem millionar i år og 10 millionar når heilårsverknaden kjem neste år.

Ordførar Helge André Njåstad (Frp) ser at kuren råkar hardt, særleg innan skulen. Undervisningstid tilsvarande fire lærarstillingar skal bort, reinhaldet kuttast og bemanninga i SFO reduserast.

— Eg ventar protestar på skulekuttet. Samstundes trur eg folk i Austevoll innser at vi er nøydde å ta nokre tøffe grep, seier Njåstad.

Det oppsamla underskotet i vesle Austevoll har nådd 47 millionar kroner. Tilsvarande i Bergen hadde vore eit etterslep på over to milliardar.

— Dersom ein familie har overtrekt kontoen med 25 prosent av årsinntekta, må det gjerast noko, seier ordføraren.

Landets nest dyraste

Kontingenten for kulturskulen skal opp i 3.500 kroner året. Med dette får Austevoll landets nest dyraste kulturskule.

Største innsparinga tek kommunen likevel innan eldreomsorga. Sjukeheimen på Selbjørn skal frå 1. august gjerast om til omsorgsbustader. Det er eit «triks» som lastar større del av kommunen sine utgifter over på staten.

Den årlege innsparinga ved omgjeringa er berekna til 1,7 millionar kroner på 20 plassar. Går det bra på Selbjørn, er ordførar Njåstad budd på å gjere det same med sjukeheimen på Storebø.

Austevoll vil i så fall stå utan sjukeheimsplassar. Dei pleietrengande vil bu i omsorgsbustader og få hjelp frå heimetenestene.

Rådmann Rolf Nøstdal meiner talet på skular i Austevoll må ned frå dagens sju til totalt tre skular. Her får han motbør frå ordføraren.

— På det punktet har vi ei klar formuleringa i programmet. Ingen skular skal leggjast ned. Eg vil ikkje greie ut noko som eg er mot, seier Njåstad.

Likviditetskrise

I dag skal Austevoll-ordføraren møte fylkesmannen i Hordaland og drøfte den økonomiske situasjonen. Kommunen er i ein alvorleg likviditetskrise og må utvide driftskreditten frå 30 til 45 millionar kroner.

— Kjøpe Marstein fyr har de likevel råd til?

— Ja, men vi tek oss ikkje råd til å utvikle fyret vidare. Det overlet vi til private. Marstein fyr kosta oss 200.000 kroner som vi tek på investeringsbudsjettet. Det er på driftssida vi har krise, seier Njåstad.

Sparepakken for Austevoll er sydd saman i samarbeid med konsulentselskapet Agenda, som for tida lagar sparepakker for fleire andre vestlandskommunar.

Njåstad meiner det har vore nyttig å få hjelp utanfrå. - Ja, ved å samanlikna med andre kommunar har vi fått avliva ein del mytar, seier Njåstad.