Heimevernet (HV) har ansvar for standplassen, henting av skiver, tilvisinga, og mykje meir under Landsskyttarstemnet (LS) i Førde denne veka. Det varme vêret gjer ikkje jobben enkel. På 100 meter minneskyting, som er innskytinga til grovfelten må dei gå og henta skivene etter at kvart lag har skote.

— Det vert vel mellom 20 til 30 turar for dagen, seier ein av dei sveitte karane.

Færre enn sist

Under årets LS er det om lag 230 mann frå HV i sving. Det er mykje færre enn kva det var sist gang det var Landsskyttarstemne i Førde. Då var det over 700 mann som måtte bidra under stemnet.

— Den gang var det ikkje elektroniske skiver på 200 meter mellom anna, seier områdesjef for HV Sunnfjord, Kjetil Felde.

Det er dette som er hovudårsaka til at det ikkje trengst så mykje personell som sist. I tillegg har dei valt å sende færre folk grunna fellesferien.

— Det vert litt lengre dagar på oss enn det var sist, men vi kalla ikkje inn så mange grunna fellesferien, seier Felde.

70 mann

Sist gong det var LS i Førde hadde HV 700 mann, no har dei 230, og i framtida kan det bli endå færre HV-personell på Landsskyttarstemna. Viss det no vert elektroniske skiver over alt, vil det bli eit mykje mindre behov for HV.

— Om alt vert elektronisk bør vi klara oss med om lag 70 mann, seier Felde.

Teknologien utviklar seg kjapt, men han er ikkje sikker på når ein kan forventa elektroniske skiver på alt.

Test i 2011

Dagens avtalen mellom DFS og forsvaret seier at HV skal stilla med om lag 200 personar til å assistere under LS. Denne avtalen går ut i 2010, og då er målet å få alt full elektronisk til stemnet i Bodø i 2011 - byen som hadde det første stemnet med elektroniske skiver i 2001.

— Det er ein del forhandlingar att som vi må få unna. Blant anna kor mange standplassar vi skal ha og liknande. Skyttarane vil ha fem som i dag, HV vil ha alt på ein plass, seier assisterande generalsekretær i Det Frivillige Skyttarvesen, Terje Vestvik.

Garantert på Voss

Om ein får alt elektronisk til 2011 er enno ikkje sikkert. Det er mange faktorar som avgjer det, men dei satsar på at dei skal få testa det ut i 2011. Ein ting som er sikkert, er at på Voss i 2012 er alt elektronisk.

— Det var eit av argumenta våre for å velja Voss i 2012. Då får vi bygd skytebanene frå grunnen av, og alt kan leggjast til rette for det, seier Vestvik.

— Voss vert eit steg vidare for skytesporten, seier Vestvik.

Øystein Torheim