Ein toåring blei sendt til lege for sjekk etter ein kollisjon mellom to bilar på riksveg 561 ved Areknappfeltet klokka 1555 fredag ettermiddag. Ein bilførar på veg nordfrå miste kontrollen over køyretyet, traff autovernet og frontkolliderte med ein bil med ein familie på tre.