— Kjem du frå Bergens Tidende?

Dei venta på NAF som skulle åpna bilen. Overraskinga og skuffelsen var stor.

— Skjer det ikkje andre ting i verda? tordnar dei.

Fire vaksne samla rundt ein bil i Beiteveien, ikkje langt frå Bellevue.

Bak låste dører har toåringen heile bilen for seg sjøl.

Bestefaren

  • Trykk på knappen, lille venn, ropar bestemora gjennom stengde ruter.

Mor og far snur seg vekk og vil ikkje takast bilder av.

Bestefaren brummar berre når vi forsiktig spør kva som har skjedd.

— Dette er ingenting å skriva om.

To smilande politibetjentar seier ingenting, dei ber oss snakka med dei impliserte.

— Det var altså bestefaren.

Bestemor klarar ikkje halda det inne lenger.

- Gjekk jo ikkje bra

Mens vi framleis ventar på NAF og guten romsterer i bilen, fortel ho i korte trekk:

— Eg skulle lufta hunden berre ei lita stund. Imens skulle han passa guten.

Ho ser klandrande på mannen sin mens ho fortel. Dette er straffa, at alle skal få høyra.

— Det var ikkje lenge han skulle passa han, men det gjekk jo ikkje bra.

På ein eller annan måte klarte toåringen å aktivera sentrallåsen. Nøklane stod i tenninga.

Mor og far smiler stivt mens bestefar brummar.

Fiska nøklar

Oppstyret hadde vara mindre enn ein halv time då mannen frå NAF kom køyrande. I stor fart.

Han hoppa or bilen utan eit ord. Bak i bilen fann han sine saker.

Døra på sjåførsida var ikkje heilt igjen. Små puter vart lagt imellom og blåse opp av ei lita handpumpe. Slik vart åpningen større.

Dette hadde han gjort før, NAF-mannen.

Ein streng vart førd inn i bilen mot nøklane. Han klarde å få dei fri, men så fall dei av kroken på vegen ut.

Ned mellom setet og bildøra fall dei.

Bestemor-klem

  • Du må ta nøklane og gi dei til mannen, ropar bestemor gjennom glaset på passasjersida.

Endeleg vakna guten til handling. Han fann straks feil nøkkel som han heldt opp mot det stengde vindauget.

Dette utløyste meir roping og peiking mens toåringen romsterte rundt.

— No knuser vi eit vindu, seier bestefaren. Han orkar ikkje venta meir.

Men så blinkar det på alle fire hjørner av bilen. Bilen er open.

Bestemor var først framme ved døra der guten var.

Ho løfta han ut og gav han verdas lengste bestemor-klem.

JO HJELLE