Opninga vart markert av Statens vegvesen og representantar frå Turistvegprosjektet og Granvin herad.

Nybygget har stått utan tak ei tid, men det er konstruert slik at romma likevel kunne brukast. Innertaka er tette. No er alt på plass.

Det gamle huset med venterom og toalett er jamna med jorda, og dei siste restane vart fjerna tidlegare i dag. Tilstanden vart så elendig at huset måtte stengast, og det vart sett opp provisoriske stemnetoalett.

Det nye huset er plassert like vest for oppstillingsplassen, der det for lenge sidan var ein kiosk/butikk. Arkitekturen har stilig «turistvegpreg», og fargane er friske.

NYTT: Slik ser det nye servicebygget på Kvanndal ferjekai ut.