— Vi er sårbare og har opplevd straumbrot før. Men det som skjedde måndag kveld er vel ei av dei største krisene vi har vore i, konkluderer Leif Larsen, leiar i Høyanger Kjemiske Industriarbeidarforening.

Straumbrot er noko av det verste som kan skje ved eit aluminiumverk. Går straumen, varer det berre femýseks timar før omnane vert kalde og aluminiumen størknar.

Eksplosjon

Det vart difor slått storalarm då straumen forsvann like etter klokka sju måndag kveld i samband med arbeid på høgspentnettet. Verkeleg alvorleg vart situasjonen då ein likerettar i kraftstasjonen inne på sjølve verksområdet eksploderte. Eksplosjonen var så kraftig at glasrutene vart blåst ut.

— Vi får berre vere glade for at det ikkje var folk i kraftstasjonen då dette skjedde, seier Larsen.

Fleire hundre millionar

Alle ressursar vart sette inn på å få tilbake straumen. Rundt klokka halv elleve var feilen retta, og dei første omnane kunne koplast på att. Eit par timar lenger utan straum og den flytande aluminiumen hadde vore kald og størkna.

Konsekvensen ville vore at alle omnane måtte skiftast ut. Berre kostnaden med det ville komme på eit par hundre millionar kroner.

I tillegg ville arbeidet med å skifte omnane teke minst eit halvt år. Produksjonen kunne dermed vore stoppa til langt over nyttår på den desidert viktigaste arbeidsplassen i kommunen.

— Heldigvis fekk vi det under kontroll, seier Larsen.

Skjedd før

Også tidlegare har straumen gått på verket i Høyanger. Ein liknande feil skjedde for nokre år sidan. Og straumen har også vore vekke som følgje av at hovudkraftlinja for straum gjennom Sogn og Fjordane har falle ut.

— Hovudspennet skal no utbetra, og vil sikre oss på den måten. Men slike feil som oppstod måndag, er vanskelege å gardere seg 100 prosent mot, seier fagforeiningsleiaren.