Ein mann i 20-åra var på veg frå Førde til Naustdal då ein annan bilførar, som kom frå ein sideveg ved Bergum, ikkje heldt vikeplikta då han kjørte inn på riksvegen. Begge bilførarane vart skadde i samanstøyten og sende til Sentralsjukehuset i Førde.

— Ingen av dei skal vera alvorleg skadde. Me har mistanke om at mannen i 30-åra som braut vikeplikta, kjørte i påverka tilstand, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Vil det seia at han har kjørt med promille?

— Ja, me trur han har kjørt med promille, og så vil blodprøven visa om han hadde andre stoff i blodet òg, seier Værøy.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.44.