To personar som sat i personbilen er frakta til Førde sentralsjukehus, den eine med helikopter, den andre i ambulanse. Det er ikkje kjent kor store skader dei to skal ha fått.

Føraren av Mesta-bilen og ein tredje passasjer i personbilen skal ha komme frå ulukka utan fysiske skader.

Kollisjonen skjedde like ved Norddalsfjordbrua rundt klokka 14. Riksvegen til Svelgen er stengd som følgje av ulukka.