Med 20 minutts mellomrom kolliderte bilar i både Fjaler og på Vangsnes i Vik kommune.

Klokka 15.45 krasja to personbilar saman på Fure i Fjaler. Politiet i Sogn og Fjordane opplyser at ein person vart kjørt til behandling hos lege. Tilstanden skal ikkje vere alvorleg, etter det BT forstår.

Tjue minutt seinare køyrde ein person inn i bakparten på ein nederlandsk-registrert bil på Vangsnes i Vik kommune. Ein av dei to i den påkøyrde bilen er sendt til lege med nakkeskadar.

Politiet veit til no ikkje årsakene til nokon av ulykkene.