Politiet fekk melding klokka 20.36 mandag kveld om at to personar vart observert overstadig berusa i ein 15-fots plastbåt utanfor Skålevikneset i Laksevåg.

— Då politiet kom fram motsatte dei to bergensarane seg pågripelse. Difor valte vi å slepa båten inn til Skolten, der dei to vart pågripe på kaien. Den eine mannen klarte å ramla i vatnet under turen, men kom uskadd frå det, fortel vaktsjef Harald Antun ved Hordaland politidistrikt til bt.no.

Det vart tatt blodprøve av føraren. Begge var så berusa at politiet valte å la dei overnatta i fyllearresten.