Ingen vart skadde då eit stort vogntog kom for langt ut på kanten og velta aust for Lærdal i kveld.

Ulykka vart meld til politiet klokka 19.50, og skjedde 12 kilometer frå Lærdal, i retning Fagernes.

— Det er ganske smal veg der, og det skal ha vore to svære vogntog som møttest. Det eine kom for langt ut på vegkanten, slik at den gav etter, fortel operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vogntoget som velta er utanlandsk. Føraren slapp unna utan skader.

B. Linde