Ein mann slo til ein annan i Vik sentrum slik at han fekk eit kutt og måtte til legen for å sy tre sting. Politiet fekk melding om forholdet klokka 06.00 laurdag morgon.

— Forholdet vil bli meldt til politiet når lensmannskontoret opnar måndag morgon, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

— Også i Gaupne vart ein kar slått til. Han måtte ikkje til lege. Det er også her oppretta sak, og 19-åringen som vart slått til, har gjort det klart at han vil melde forholdet til politiet, seier Rimmen.

Begge valdsepisodane skjedde i samband med uorganisert aktivitet.