To personar vart skadde etter at to bilar kolliderte på riksveg 57 ved Nautsund i Sogn og Fjordane. Ein tredje person kom uskadd frå hendinga.

Meldinga om ulukka kom klokka 21.50 tysdag kveld. Det skal då ha gått ei tid sidan ulukka hende, fordi det ikkje er mobildekning i området.

Politiet mistenkjer føraren av den eine bilen for å ha køyrd med promille.