— Førstkommande torsdag blir det sjøforklaring etter grunnstøytinga med M/F «Sognefjord» i Ånnelandsundet i Gulen natt til laurdag. Det blir truleg også sjøforklaring etter kollisjonen mellom ferja «Gloppen» og ein fiskebåt laurdag, opplyser ferjesjef Svein Solheim i FSF.

Under grunnstøytinga i Gulen kom ein person lettare til skade. Ferja «Sognefjord» er utleigd, og var på veg frå Indre Sogn til sambandet Horten-Moss då uhellet skjedde. Det var reiarlaget Bastøy Fosen som hadde formelt ansvar på ulukkestidspunktet, men mannskapet om bord bestod av folk frå begge reiarlaga. Sjøforklaringa torsdag blir ifølgje Solheim truleg halden i Høyanger.

Kollisjonen mellom M/F «Gloppen» og ein 50 fots fiskebåt skjedde på sambandet Lavik-Oppedal, og resulterer etter alt å døme også i ei rettsleg sjøforklaring.

Fiskebåten var på veg ut fjorden, og ferja bakka opp i eit forsøk på å unngå kollisjon. Men dei to fartya støytte likevel saman, og fiskebåten trefte ferja i styrbord side framme.

Solheim ønskjer ikkje å spekulere i årsaksforhold. Etter det han kjenner til, er det ikkje grunnlag for å tru at alkohol har vore med i biletet i nokon av sakene.

— Vi har så langt heller ikkje hatt grunnlag for å suspendere nokon. No får vi avvente kva som kjem fram under sjøforklaringane, seier ferjesjef Svein Solheim i FSF.