— Det var om lag ti minutt å kjøra frå raset til tunnelen, på veg opp på fjellet. Raset hadde kome ein halvtimes tid før me kom til staden, fortel Karsten Osberg.

Han og familien var på veg frå Vik til Bergen då dei måtte venta på at brøytemannskapa skulle rydda vegen.

— Me måtte ikkje venta meir enn ein halv time, og totalt var det om lag ti bilar som ikkje kom seg vidare. Men nokre snudde då dei kom til staden og såg at det hadde gått ras, fortel Osberg.

— Det har gått to små ras på Vikafjellet. Det eine var 3x10 meter og kom ved Hålo, 200 meter frå bommen. Det andre kom på sognesida, i stigninga opp mot fjellet. Begge vart raskt rydda, fortel Lasse Austestad, vaktoperatør hos Vegmeldingssentralen.

- Bør bilistane vera obs på enkelte vegstrekningar no når det er mildare i vêret?

— Nei, det er såpass kaldt om kvelden og natta at rasfaren er ikkje spesielt stor enno. Men det kan koma isnedfall på dagtid, seier Austestad.

<b>- STÅR GODT HER:</b> Det var bildeteksten Osberg sjølv skreiv til MMS-biletet han tok medan han og familien venta på å koma forbi raset. Heldigvis tok det ikkje lang tid før turen mot Bergen kunne halda fram. FOTO: Karsten Osberg/privat