Over 2000 kubikkmeter spillolje var lagra i Tankgård 3 ved anlegget i Gulen då to av nabotankane gjekk i lufta.

Men medan beredskapen ved tankane som eksploderte inkluderte blant anna skumanlegg, var tankane i Tankgård 3 beskytta av langt svakare krefter: To vanlege brannsløkkingsapparat.

Pulverapparata skal ha vore plasserte i utkanten av tankgarden. Dei ni største tankane ved anlegget står på området.

Les bt.nos sak dagen det smalt i Sløvåg her.

Gjensidige millionkrav

Spilloljen var lagra i tank 61. Den stod aller nærast dei to tankane som eksploderte.

Ved fleire av dei andre tankane var det i tillegg lagra oljehaldig boreslam frå Nordsjøen. Dei ni tankane i tankgarden var beskytta av ein ringmur.

I går starta erstatningssaka mellom dei noverande eigarane av anlegget, estiske Alexela, og tidlegare Vest Tank-eigar Trond Emblem.

På den første dagen blei dommarane og partane vist rundt på det nær gjenoppbygde tankanlegget.

Dei to partane krev kvarandre gjensidig for store summar:

  • Alexela krev Emblem for 65 millionar kroner. Dette, hevdar dei, er kostnadene ved å tømme anlegget. Det inkluderer både massane som var igjen etter eksplosjonen og mudder og slam deponert i Tankgård 3.
  • Emblem og Vest Tank meiner derimot at Alexela skuldar han 40 millionar kroner. Dette er pengar som ikkje er utbetalt av kjøpesummen på vel 70 millionar kroner.– Var ikkje brannanlegg

Vest Tank hadde løyve som mottaksanlegg for farleg avfall. Alexela kjøpte anlegget dagen før eksplosjonen, og tok det over etter tre månaders tenkjetid. Dei har søkt om å drive mellombels lagring av oljeprodukt.

På gårsdagens synfaring viste driftsleiar Kurt Molland fram både det gamle reinseanlegget og Tankgård 3. Blant anna forklarte han om brannsløkkingsanlegget som var blitt montert på tankane etter overtakinga.

Det førte til spørsmål frå ein av meddommarane om korleis brannanlegget hadde vore på Tankgård 3.

– Den gongen var det ikkje brannanlegg, svarte Molland. Han blei med over til Alexela.

Tankselskapet hadde løyve til å oppbevare brannfarlege produkt i Tankgård 3, ifølgje Tom Ivar Hansen. Han er avdelingsleiar i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Vest Tank hadde løyve til å lagre brannfarleg avfall, men på visse vilkår, seier Hansen.

Tank utan løyve

Vilkåra omfattar mellom anna brannsløkkingsanlegg. Samtidig har alle søknader vore basert på tilbakemeldingar frå bedriftene sjølve.

– Det er vanskeleg å tru at dei kunne ha fått løyve til dette, utan å ha noka form for brannsløkking, seier Hansen.

DSB har tidlegare meldt Vest Tank til politiet for ulovleg oppbevaring av svært brannfarlege produkt, såkalla A-væsker. Tanken som eksploderte vart over lengre tid brukt til lagring og prosessering av bensinprodukt. Han var ikkje omfatta av løyvet.

Advokat for Vest Tank og Trond Emblem, Eirik W. Raanes, ville i går ikkje kommentere brannberedskapen ved anlegget.

– Dette er eit tema i saka, og vil bli belyst der. Derfor blir det galt av meg å prosedere saka no, seier Raanes.

Heller ikkje Erik Myhr Nilsen, advokat for Alexela, ville kommentere saka.

**Les også:

Kranglar om millionar**

TANKKATEDRAL: Med sine 12.000 kubikkmeters kapasitet er tank 54 den største ved tankanlegget i Sløvåg. I går fekk dommarar og nye og gamle eigarar omvising på heile anlegget.
Tor Høvik