Ein bil køyrde av vegen ved Tusvik på fylkesveg 55 i Balestrand. Politiet blei varsla om ulukka klokka 14.14. Det var to personar i bilen.

— Ein mann, som er antatt førar av bilen, blei flydd til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Kvinna blei køyrt med ambulanse, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kvinna (83) vart lettare skadd i ulukka. Mannen (83) pådro seg moderate skader, og vart sendt til Haukeland, ifølgje Førde sentralsjukehus.

Ingen andre køyretøy var involvert i ulykka som skjedde like ved Tusviktunnelen mellom Høyanger og Balestrand. Personbilen hadde retning Balestrand då sjåføren køyrde i grøfta i ein sving.

Vegen vart stengt etter ulykka, men opna igjen klokka 15.30.

Klokka 17.45 var politiet framleis på staden. Bilen ligg på taket utanfor vegen i påvente av at bergingsbil kjem til staden.

Saka blir etterforska av lensmannen.