Det opplyser politiet på ulukkesstaden til bt.no.

Det var ein personbil og ein kassebil som kolliderte på riksveg 57 ved Saltkjelen mellom Bygstad og Osen bru. Riksvegen i denne delen av Dalsfjorden er svært smal.

På ulukkesstaden var det ikkje passasje, og dei to bilane har ikkje greidd å stoppe då dei møtte kvarandre.

Ulukka skjedde like før klokka 11 og førte til ei stor utrykning. Både politi, luftambulanse og fleire bilambulansar blei sende til kollisjonsstaden.