Personbilen køyrde av vegen på E39 litt aust for Sandane ved midnatt torsdag. Det var tre personar i bilen.

Begge passasjerane vart sende til Førde Sentralsjukehus med lettare og moderate skader, skriv politiet i loggen.

Bilføraren vart ikkje skada. Politiet vil etterforske saka vidare.