HILDE KRISTIN STRAND

Mennene vart pågripne i Fjaler torsdag og er no arrestert. Det er usikkert både kva tilknyting dei har til fylket og kva dei har fått med seg frå bilane.

– Me veit at dei har fått med seg stereoanlegg, og har funne to slike, men det er uvisst kva anna dei har fått med seg, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.