I løpet av fredagen vart det gitt bøter på 10.000 kroner til to personar for forsøk på narkohandel.

— Ein norsk kvinne og ein norsk mann vart bøtelagt ved Korskirkeallmenningen for førebuande sal av narkotiske tabelettar. Politiet ser at dei gjer ein avtale, og då grip me inn, seier politistasjonsjef Olav Valland.

Seks bøter

Dermed har politiet gitt seks bøter på 10.000 kroner eller meir for sal eller oppbevaring av narkotisk stoff sidan Nygårdsparken vart stengt måndag.

— Dei som bøtelagte er tekne for sal, men å seie at dei dermed er brukarar er noko me ikkje har hatt fokus på.

- Kjem politiet til å videreføre bøter i denne storleiken for mindre forhold?

— Poenget er at om me skal meine alvor i å hindre nye opne russcenar, så er bøtelegging eit slikt verkemiddel. Kor me skal ha den forsterka innsatsen er noko som heile tida er til vurdering.

Vil unngå synleg rus

I løpet av veka har politiet bortvist ni personar frå Nygårdsparken, og 35 personar frå området rundt Vågsbunnen. Den bortviste får då ikkje høve til å returnere til staden før etter 24 timar. Politiet vil så langt ikkje seie om stenginga av parken har vore vellukka.

— Framleis er det slik at me nok vil sjå at det er rusavhengige i byen, men me skal unngå opne russcenar.

- Er det betre at det føregår i det skjulte?

— Det blir ei heilt feil problemstilling. Me må ikkje gløyme kva som er utgangspunktet. Nemleg at det har vore betydeleg kriminalitet i mange år, og at den har auka og hardna til, mellom anna med utanlandske narkoseljarar.

Uvisst kvar miljøet er

At berre éin utanlandsk narkoseljar er bøtelagt, ser politiet i samanheng med at vilkåra for å selje no er blitt merkbart dårlegare. Etter fem dagar har politiet sålangt ikkje ei formeining om kor rusmiljøet trekk.

— Sjølv om me har hatt fokus på Vågsbunnen, så har me ikkje sett noko spesiell auke. Litt, men ikkje veldig merkbart. Nokon lurer på kor dei rusavhengige har funne vegen, men det veit me ikkje heilt sikkert.