ARNE HOFSETH

For Ullensvang, som berre har det beskjedne kraftverket i Kinso frå før, utgjer ein årsproduksjon på 23,3 GWh oppe på Vidda ein kraftig auke. Men Ullensvang blir likevel neppe teken opp i klubben for kraftkommunar. Med ein installasjon på 5,5 megawatt er den nye kraftstasjonen knapt som ei pølsebu å rekna, når Sima kraftstasjon i nabokommunen Eidfjord har 1120 megawatt, rett nok med ein del vatn frå Ulvik.

Nusseleg

Odda-ordførar Toralv Mikkelsen fann likevel grunn til å gratulera sin kollega Solfrid Borge då dei i går for til fjells for å sjå på sine nusselege nye småkraftverk. For kraftkommunen Odda er ikkje Nedre Bersåvatn kraftstasjon rare tilveksten, men ein Francis-turbin som kan yta fire megawatt og produsera 19,5 nye GWh årleg, gir trass alt litt meir pengar i kommunekassa.

— Ny teknologi har gjort det lønsamt å nytta ut slike fall som dette, seier prosjektleiar Marit Flood i Statkraft Energi AS til Bergens Tidende.

Ved utbygginga av Mogeli kraftverk på 50-talet vart det sprengt fleire overføringstunnelar. Vatn frå Vendevatn vart overført til Øvre Bersåvatn (1100 meter over havet) gjennom ein horisontal tunnel som munna ut i lia ovanfor vatnet og sirkla nedover. Ein tilsvarande tunnel førte vatnet vidare til Nedre Bersåvatn (1028 moh), som er inntaksmagasin for Mågeli.

— Det vi no har gjort, er å omdirigera vatnet i desse tunnelane til kvar sin kraftstasjon heilt nede ved vasskanten. Dermed nyttar vi ut fallhøgda til kraftproduksjon, forklarer Flood.

Vatn frå Vendevatn går no først gjennom Øvre Bersåvatn kraftstasjon, så gjennom Nedre Bersåvatn, og deretter Mågeli, som ligg ved Skjeggedalsvatnet. Derifrå vert vatnet pumpa opp i Ringedalsvatnet for å bli brukt for fjerde gong i Oksla kraftstasjon nede ved Sørfjorden i Tyssedal. Derifrå vert alt fjernstyrt.

Frakta opp med helikopter

Statkraft har hyrt NCC til anleggsarbeidet og El-Mek til installasjonane. Dei to kraftstasjonane er bygt utan vegtilkomst. Helikoptertransporten utgjer ti prosent av samla kostnad på 93 millionar kroner. Dei tyngste lassa er baksa fram over Vidda på beltegåande doningar vinterstid, like frå Valldalen og Dyranut.

Arbeidet vart sett i gang i mai i fjor. Første sesongen vart tunnel- og støypearbeid unnagjort, og kraftstasjonane fekk tett tak før vinteren. I år var snikkarane først på plass, deretter starta installasjon av maskineriet. I november er prøvedrifta over. Kraftstasjonane leverer til nettet.

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang rosa i går utbyggarane for omsynsfull framferd i det sårbare terrenget. Berre kraftstasjonane ligg ute i dagen, men dei glir godt inn i terrenget, kunne ho konstatera.