Torsdag gjekk Transport— og kommunikasjonskomiteen inn for at Stortinget bør utvida bompengeperioden med to nye år på ferjestrekninga. Pengane skal gå til utviding og trafikksikring av fylkesveg 545 på vestsida av Stord.

Berre 15 prosent av bilistane køyrer denne vegen dagleg, medan hovudtyngda køyrer strake vegen langs E39 på austsida av Stord.

Sidan den svingete, smale og trafikkfarlege vegen på vestsida er einaste omkøyringsveg dersom E39 blir stengd, gjekk fleirtalet av medlemmene i komiteen inn for å utbetra vegen med vidare bompengeinnkrevjing på ferja.

Bilistane vil måtte punga ut 41 millionar kroner. Hordaland fylkeskommune vil ta dei resterande 18 millionane med hjelp av forskotterte midlar frå næringslivet.

— Staten bør ta rekninga

Framstegspartiet røysta mot og meinte Staten burde ta heile rekninga på 41 millionar kroner.

— Det blir heilt feil at bilistane skal betala med meir bompengar på ferja. Dette er ein bagatell for den søkkrike, norske staten. Eg berre minner om at Oljefondet ved utgangen av oktober var på 3723 milliardar kroner. Staten er så rik at dei knapt klarer å telja pengane, seier Sortevik.

Han meiner opprusting av trafikktryggleiken på fylkesveg 545 er heilt naudsynt med tanke på kor viktig omkøyringsvegen er i samband med stenging av E39. Staten bør difor ta rekninga for å sikra omkøyringsvegen.

- Folk må vakna

— E39 over Stord er ein av dei viktigaste europavegstrekningane mellom to av landets største byar. Det er heilt uakseptabelt at bilistane skal betala pengane. Det provoserer meg at Staten ikkje tek rekninga for tiltak knytt til ein så viktig europaveg, seier Sortevik.

Han vil ta kampen heilt til Stortinget, sjølv om dei andre partia var samstemde i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

— Folk må vakne. Det er alternativ til det fleirtalet av dei politiske partia går inn for i denne saka, seier Sortevik.

- Payback time

Bompengesøknaden for «Bompengepakken Stord vestside» er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Statens vegvesen og Fitjar og Stord kommunar.

Magne Rommetveit (Ap) var saksordførar for saka i Transport- og kommunikasjonskomiteen. Han forsvarer ei utviding av bompengeperioden for at fitjarbuen skal få sin del av spleiselaget.

— No er det payback time (tid for å betale tilbake, red. komm.). Gjennom ti år har folk frå Fitjar betalt bompengar på ferja for ein veg dei ikkje nyttar så mykje. No får dei 85 prosentane som køyrer på austsida vera med å betala, seier Magne Rommetveit (Ap).

Han peikar på at vegen på vestsida av Stord er ein viktig omkøyringsveg for E39. I periodar med stenging av europavegen, har dette ført til trafikkfarlege episodar gjennom Fitjar.

- Støtte lokalt

— Kvifor kan ikkje staten betala, slik Frp går inn for?

— Frp går i mot alle bompengar på Stortinget, men lokalt har Frp i Fitjar gått inn for dette, påpeiker Rommetveit.

Os er den einaste kommunen lokalt som har gått imot bompengepakka.

— Me meiner difor det er tilstrekkeleg lokalpolitisk støtte for eit slikt spleiselag, seier han.

Fire prosjekt

Desse fire prosjekta langs fylkesveg 545 blir utbetra dersom innstillinga frå komiteen blir vedteken:

1. Fitjar sentrum – Rimbareid får utbetring til tofelts veg og gang- og sykkelveg, 1,2kilometer

2. Sagvåg bru vert utvida med ny køyrebane og får utbetra gangbru.

3. Strekninga ved kommunegrensa mellom Stord og Fitjar, om lag 2km får breiddeutviding og fjerning av sidehinder.

4. Rimbareid – Vik får utbetring til tofelts veg og gang- og sykkelveg, om lag 2kilometer

Kostnadene ved å gjennomføra alle fire prosjekta er førebels rekna til om lag 70 millionar kroner. Eitt av prosjekta blir gjennomført i 2012 med forskotterte midlar. Dei andre prosjekta blir starta opp når finansieringa er avklart, ifølgje innstillinga frå Transport- og kommunikasjonskomiteen.

veg.jpg
«PAYBACK TIME»: - No er det pay back time, seier stortingspolitikar Magne Rommetveit (Ap).
Paul S. Amundsen
PROTESTERER: - Staten er søkkrik og bør ta rekninga, seier Arne Sortevik (Frp).
Rune Meyer Berentsen