Dei to bada saman med ein tredje kamerat i ein liten kulp over Rullestadjuvet innerst i Åkrafjorden. Ein mann frå Stavanger og kameraten hans frå England kom for nærme fossen og blei tatt av straumen.

Vaktsjef Svein Roald Vikse ved Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt fortel at stavangermannen blei dratt med fossen om lag 25 meter og havna i ein ny kulp. Han blei oppskrapt og forstua ein fot, men trengte ikkje legebehandling etter uhellet.

Engelskmannen klarte å karra seg opp på ein stein etter å ha blitt dratt med fossen om lag ti meter. Han turte ikkje å forlata steinen og trengte hjelp for å koma seg på land.

Redningsmannskap frå både Etne og Odda hjalp til i redningsaksjonen.