Valdtekta skal ha skjedd i eit hus i Florø sentrum. Politiet driv no åstadgransking på staden, og avhøyrer dessutan vitne. Politiadvokat Terje Gjertsen stadfestar overfor bt.no at begge dei to personane som er pågripne, er mistenkte for valdtekt. Dei to har så langt ikkje vore avhøyrde.

— Den fornærma kvinna skal vere i 40-åra. Etter at ho melde valdtekta, blei kvinna send til undersøking på sjukehus. Politiet har munnleg fått tilbakemelding om resultat av undersøkinga, men Gjertsen ønskjer ikkje å seie noko om dette stadfestar kvinnas historie.

— Men vi har andre opplysningar i saka som stadfestar kvinnas historie. Politiet har på dette tidspunkt ikkje grunn til å tvile på historia kvinna har fortalt, seier politiadvokat Gjertsen.

— Kjende dei tre kvarandre får før?

— Vi veit ikkje kva relasjonar det har vore mellom desse tre. Men det eg kan seie er at vi ikkje snakkar om noko overfallsvaldtekt. Det har vore kontakt mellom kvinna og dei to mennene før denne hendinga, seier Gjertsen.

Alle dei tre involverte er busette i Florø.