Politiadvokat Terje Gjertsen stadfestar overfor BT at begge dei to personane som er pågripne er mistenkte for valdtekt. I dag blir det avgjort om dei skal framstillast for varetektsfengsling.

Valdtekta skal ha funnet stad i ei leilegheit i Florø sentrum som blir brukt av de to pågripne.

Den fornærma kvinna skal vere i 40-åra og busett i Florø. Etter at ho melde valdtekta, blei kvinna send til undersøking på sjukehus.

Politiet har munnleg fått tilbakemelding på resultat av undersøkinga, men Gjertsen ønskjer ikkje å seie noko om dette stadfestar kvinnas historie.

— Men vi har andre opplysningar i saka som gjer at politiet på dette tidspunkt ikkje har grunn til å tvile på historia kvinna har fortalt, seier politiadvokat Gjertsen.

— Kjende dei tre kvarandre får før?

— Vi veit ikkje kva relasjonar det har vore mellom desse tre. Men det eg kan seie er at vi ikkje snakkar om noko overfallsvaldtekt. Det har vore kontakt mellom kvinna og dei to mennene før denne hendinga, seier Gjertsen.

I går avhøyrde politiet vitne i saka.

— Det er snakk om perifere vitne. Det var ingen vitne til sjølve hendinga, seier Gjertsen.