«Au-a!» seier Tiia (2) når ho ser biletet av huset i Kolbeinsvik stå i full fyr. Så spring ho smilande rundt i leiligheita som farmor Åse og farfar Agnar Blåsternes har fått leiga etter brannen.

— Ho forstår heldigvis ikkje så mykje av det som skjedde, men gir iallfall uttrykk for at det ikkje var greitt, seier mamma Andrea Blix (20).

Midt på natta, medan storbrannen rasar i Lærdal 18.-19. januar, sit Agnar Blåsternes (48) på hustaket heime i Kolbeinsvik på Austevoll, med ei slåbrok i eine handa og mobiltelefonen i den andre. Under han brenn huset eksplosjonsarta, med barnebarnet Tiia (2) og hennar foreldre i kjellaretasjen. På telefonen svarar svigerdotter Andrea at dei har kome seg ut alle tre. Omgitt av røyk og glør rutsjar så overstyrmannen i Fjord1 på blanke messingen ned hustaket og landar på plattingen.

TILBAKE: Tiia tilbake i underetasjen der ho og foreldra låg og sov då den eksplosjonsarta brannen braut ut i huset.
MARITA AAREKOL

Overtent på minuttar

På minuttar er heile huset på Taushaugen i Kolbeinsvik overtent. Så skjer ting i rask rekkjefølgje: Branntroppen kjem, i sterk austavind konsentrerer dei seg om å kjøla ned den knusktørre skogen og nabohusa. Agnar Blåsternes, som sjølv varsla brannen frå hustaket, blir plassert i sjukebil. Der får den hjarteopererte og forslåtte 48-åringen oksygen og blir undersøkt, også av Luftambulansens personell som kom til.

Etter ein time er Agnar Blåsternes på beina igjen. Kona Åse (48) er komen skjelven til frå nattevakt på sjukeheimen. Frå nabohuset er ekteparet vitne til at flammane fortærer så å seia alt dei eig, inkludert ein bil og yngstesonen Edvard (14) sin båt og påhengsmotor som stod framfor huset.

— Vi skal byggja opp att, men ikkje meir enn to etasjar, seier Åse Blåsternes.

Brev i oska

Stille sirklar ho rundt brannruinen som ein gravemaskin er i ferd med å rydda. Ho og mannen pirkar framleis i dei forkola restane av det som var heimen der dei har fostra opp fem søner.

I oskehaugen har Agnar funne ein øyredobb som kona arva etter mor si. Men gullringen som låg i nærleiken av øyresmykket i tredje etasje før brannen, er ikkje å oppdriva. Alt av viktige verdisaker, dokument, klede, familiebilete og videoar er borte. Derimot kom det ein dag eit forbrent ark fykande ut or oska, eit brev som Åse hadde skrive til mannen våren 1985.

I fortvilinga over alt det materielle tapet kan Blåsternes-familien konstatera at dei trass alt er heldige som på berre vel to månader har vore gjennom tre høgdramatiske hendingar som kunne kosta liv.

Bilkrasj og brann

Det starta med sonen på 22 som 8. november i fjor kom utfor vegen med bilhjula på drosjen han køyrde og krasja med fjellveggen ikkje langt frå Kolbeinsvik. Truleg berga han livet fordi det var ein ny bil velutstyrt med airbagar. Bilen blei totalvrak, sjåføren slapp med nakkeskade.

Kvelden etter braut det ut brann på loftet i det nyoppussa huset til sambuarparet Aleksander Blåsternes (23) og Andrea Blix (20) i Kolbeinsvik. Til alt hell var dei med dottera Tiia på besøk hos Aleksander sine foreldre. Huset blei ståande, men fekk omfattande røykskadar. Den vesle familien måtte kasta både klede, interiør og Tiia sine leiker, og flytta inn i kjellarhusværet til Åse og Agnar Blåsternes. Alt første dagen stilte venner, familie og bygdefolk opp med store mengder leiker og klede til brannoffera.

OVERTENT: Det 16 år gamle huset var overtent på få minuttar. Agnar Blåsternes berga seg naken ut gjennom glaset i arka frå loftet, der det var 7-8 meter ned til bakken, og balanserte over til andre sida av taket.
Austevoll brannvesen

Slukte alle gåvene

Så toppa ulukkesrekkja seg med januarbrannen, som ironisk nok også slukte alle gåvene Tiia og foreldra fekk etter den første brannen.

— Det følest ikkje rettferdig, seier Edvard om alt som har tilstøytt familien i det siste. Yngsteguten var på Gol på skitur då rommet og båten og heimen hans brann ned.

Ut frå mobilbilete og det Agnar Blåsternes såg med eigne auge, så trur han at brannen starta i spotlys installert i karnappen i stova då huset var nytt.

Sjølv sov han for ein gongs skuld åleine i loftsetasjen, og blei vekt av ein røykvarslar som blei taus etter kort tid. Han opna soveromsdøra og blei møtt av ein vegg av røyk og eld, nøra opp av oksygen pumpa inn via ventilasjonsanlegget.

Ikkje sjanse

Han hadde ikkje sjanse til å finna verken brannstige eller klede, og klatra ut glaset og ålte seg bortover taket på ei stripe med takstein framfor arka. Det var tre etasjar rett ned til betongen på framsida av huset, og lite å halda seg fast i. Til sist greidde han å koma seg opp på mønet, uviss på korleis det hadde gått med dei tre i underetasjen.

Aleksander hadde køyrt drosje om natta, og kom heim klokka fire utan å merka noko unormalt i huset. Om lag kvart på fem vakna sambuar Andrea av ein smell som ho først trudde var noko med bilen ute. Det var glasa i karnappen oppe som sprakk, og straks spreidde brannen seg eksplosivt.

- Kan ikkje gi opp

Dels påkledde fekk dei gripa jentungen og storma ut. Aleksander greidde å berga unna den nye drosjebilen, og konsentrerte seg om å hjelpa faren som var innhylla i røyk på taket.

— Då han deiste ned, trudde eg det verste på grunn av hjarteinngrepet han har hatt, seier Aleksander.

Åse og Agnar Blåsternes prøver å sjå framover og tenkjer så smått på kva type hus dei skal byggja opp att.

— Det er ikkje berre enkelt å tilpassa seg etter å ha mista hus og personlege ting. Men no må vel flaksen ha snudd vår veg. Naboane har stilt fantastisk opp for oss, og vi kan ikkje gi opp, seier Åse og Agnar Blåsternes.

TIIAS SENG: Her låg Tiia (2) og sov med dokka og tåteflaska til faren fekk røska henne med seg ut av det brennande huset. Foto: Andrea Blix