— Dette var nytt for oss i dag, seier ein glad ordførar i øykommunen, Helge Andre Njåstad (Frp).

Han har vore på tiggarferd hos fylkeskommunen tidlegare i år og foreslått eit spleiselag for å få ei ekstra ferje til kommunen.

Frå nyttår?

Fylkesrådmannen foreslår 10 millionar, mens Njåstad har to kommunale millionar å bidra med. Dessutan kjem næringslivet på øyane med ein eller to millionar i potten.

— Eg trur også at ei ny ferje vil føra til auka trafikk og større inntekter av bompengar, seier Njåstad.

Bompengane vert kravd inn via ferjebillettane og går til nedbetaling av Austevollbrua.

B-ferge

Frå nyttår skal samferdsleselskapet Fosen Namsos overta ferjestrekninga Krokeide – Hufthamar som går til Austevoll.

No skal det forhandlast om kostnadene ved å ha ei B-ferje på strekninga.

— Vi er ikkje sikre på om pengane kjem til å vera nok til ei ekstraferje heile året, seier seksjonsleiar Rolf Rosenlund i Samferdsleavdelinga hos fylkeskommunen.

— Eg trur det vert ei B-ferje for austevollingane i 2011. I dag har eg fått fornya tru på at det skal gå, seier Njåstad.

Kvifor skal Austevoll ha ei B-ferje? Sei di meining.