I løpet av berre to dagar har to demente, kvinnelege pasientar i Fusa og Bergen døydd, etter at dei forsvann frå sjukeheim og sjukehus og ut i terrenget.

— Det er forferdeleg tragisk kvar gong slikt skjer. Både pårørande og personalet blir knust, seier avdelingsoverlege Tor Jacob Moe ved NKS Olaviken alderspsykiatriske senter.

— Vi gjer alle vårt ytterste for at slikt ikkje skal skje, men dette kan vi ikkje beskytte oss mot. Faktisk kan ein spørre seg kvifor det ikkje skjer oftare, seier Moe til BT.

Fall utfor ein skrent

Onsdag kveld forsvann ei 82 år gamal kvinne frå Fusa bu- og behandlingssenter i Eikelandsosen. Det var pøsregn, sterk vind og berre åtte grader, og den demente pasienten hadde berre på seg skjørt og strikkejakke.

Kring tretti personar frå politi og hjelpekorps, samt fem politi-og redningshundar, deltok i leiteaksjonen.

Like før midnatt fann dei henne. 82-åringen hadde ramla utfor ein fem meter loddrett skrent, og blitt liggande i fleire timar. Ho var framleis i live, og vart sendt i ambulanse til Haukeland Universitetetssykehus. Men då ambulansen kom fram, var kvinna død.

— Det er ekstra tragisk, ettersom dette er det andre tilfellet denne veka, seier lensmann i Fusa, Lars Erik Dalland, til BT.

- Veldig trist

Onsdag vart ei 79 år gamal, dement kvinne også funnen omkommen etter eit forsvinningsnummer. Under eit vaktskifte tysdag ettermiddag hadde ho forlatt sengeposten på Haraldsplass Diakonale Sykehjem, berre iført bukser og morgonkåpe, og vandra ut i terrenget på eiga hand.

Nitten timar seinare vart ho funnen død i eit skogholt nær Haukelandsbakken i Bergen.

79-åringen var blitt observert av forbipasserande dagen før. Men ingen greip inn.

Husebø ønskjer debatt

Det er i strid med norsk lov å låse demente pasientar inne. Likevel låser mange sjukeheimar dørene for å kontrollere demente pasientar. Dét er overlege ved Bergen Røde Kors Sykehjem, Stein Husebø, kritisk til.

— Dette handlar om dementes rettsvern. Det er ikkje lov å låse dei inne eller dope dei ned utan lovheimel, understrekar han.

— Eg har tvert imot tatt sterkt til orde for at demente skal få meir fridom, men då må det setjast i verk tiltak som gjer det mogleg for dei å kome seg meir ut. Men det krev meir personale og større kompetanse.

Dei to dødsfalla denne veka karakteriserer han som tragisk og veldig trist.

— Eg håpar at dette kan føre til ein sterk diskusjon om korleis vi tek vare på dei aller svakaste i samfunnet - dei demente.