KJERSTI MJØRDet hadde tatt fyr i eit bade-og vaskerom, som var under oppussing. Mannen i huset klarte sjølv å slukke brannen med brannslokkingsapparatet. Like før halv fire fekk politiet ny melding om brann, denne gongen i ei hytte i Tunesvegen på Garnes. Det brann så kraftig då brannvesenet kom fram at hytta fekk brenne ned under tilsyn. — Om desse brannane er påsette eller ikkje vil vidare etterforsking og kriminaltekniske undersøkingar vise, seier operasjonsleiar Ragnar Lyssand ved Hordaland Politidistrikt til BT.