Mannen er ein av dei mest sentrale aktørane i den store hasjsaka som vart rulla opp på Eid i fjor, og var mottakar av stoffet som ein kamerat kjøpte i Oslo.

Nordfjordingen erkjente si befatning med saka, og at han har selt stoffet vidare til seks-sju namngjevne personar i lokalmiljøet.

I formildande retning finn retten at tiltalte har bidratt til å få saka oppklart, men meiner det store kvantumet hasj er skjerpande samt at han har bidratt til å spreie stoffet i eit vidt lokalmiljø.