I alt vart åtte personar skadd, fire av dei vart sendt til sjukehus i Førde etter at bussen køyrde i autovernet og fjellveggen på E39 ved Klakegg i Jølster.

Ein passasjer blir sendt vidare med helikopter til Haukeland sjukehus i Bergen, medan dei andre hardt skadde blir behandla i Førde.

Dramatisk

Det var 15 personar om bord på bussen då ulukka skjedde ved 07.30-tida mandag morgon.

Ut over dei fire som måtte på sjukehus, har ein del personar fått legebehandling for lettare skader. Ifølgje folk på ulukkesstaden har det vore ei dramatisk utforkøyring. Det var tildels svært glatt vegbane, og av spora er det klart at bussen må ha halde såpass fart at den har skrapt langs fjellknausane på høgre side i 10-15 meter før den skrensa over og vart ståande mot autovernet.

Like nedanfor er det stupbratt ned i ei elv, og dei om bord i bussen kan takke autovernet for at det ikkje gjekk endå verre.

Ny ulukke

Europavegen var stengt etter ulukka, men litt før klokka 09 kunne trafikken passere.

Det skal ha vore skuleelevar og arbeidsreisande om bord på bussen. Vegevesenet meldte om glatt vegbane på den aktuelle strekningen i morgontimane, etter eit lett snøfall kvelden og natta før.

Det glatte føret forårsaka mandag morgon nok ei ulukke i fylket. På E39 like ved Eid sentrum køyrde ein personbil med tre personar i utfor på glatta. Alle tre måtte til sjukehus, men skal ikkje vere livstugande skadde.

ULUKKESBUSSEN: Det var 15 personar ombord på bussen då ulukka skjedde ved 07.30-tida mandag morgon.
ODDLEIV APNESETH