• LAGERPLASS: Snauhogsten i framgrunnen har med Vossapakko å gjera, men ikkje steinut-taket. Forskjeringa til tunnelen kjem rett bak dei næraste grantrea ved sykkelvegen.

    FOTO: Arne Hofseth

Tjuvstartar Vossapakko

Arbeidet med tunnelen forbi Skjervet i Granvin har ikkje starta opp. Det ser berre slik ut.

Les også:

Bilistar som passerer kommunegrensa mellom Voss og Granvin stussar over snauhogst og fjellspenging, lenge før det har vore tilbodsopning for arbeida i Vossapakko.

– Ein ørliten tjuvstart, vedgår byggje-leiar Helge Giljarhus i Statens vegvesen.

Men det gjeld berre hogsten på det flate arealet ved sykkelvegen. Her skal vegvesenet plassera ting og tang i anleggstida. Entreprenøren som får jobben, må sjølv syta for riggområde elles

– Skoghogst og fjellsprenging elles på denne sida av elva har ingenting med vegprosjektet å gjera. Det er grunneigaren som tek ut ved, tømmer og stein. Forskjeringa til tunnelen kjem eit stykke lengre vest, forklarer Giljarhus.

Tunnelnamn
Etter planendringa blir det berre ein tunnel forbi Skjervet, vel fire kilometer lang. Før var planen å byggja to tunnelar på vel ein kilometer kvar, med 1,4 kilometer lang opning imellom. Segelbergtunnelen øvst (nærast Voss) og Tunsbergtunnelen nedst.

– No er det mest snakk om Skjervetunnelen, og Tunsbergtunnelen. Sidan dei begge ligg i Granvin herad bør gravensarane ha mest å seia i namnevalet, seier Giljarhus.

Sjølv stiller han seg «hakkande like-gyldig».

Beinare dødssving
Nyvegen fram til tunnelmunningen tek av frå den gamle i svingen der ein bilist omkom etter utforkøyring under mobiltelefonbruk og hamna i elva mellom bruene på riksveg og sykkelveg. Denne svingen blir retta ein god del ut, kryssar over dagens sykkelveg og går beint mot tunnelinnslaget.

Trass rikeleg med tunnelmassar, blir det ikkje masseutskifting i den «botnlause» myra på sørsida av elva. I staden skal meir enn 200 betongpelar syta for stabiliteten. Brukaret sak kvila på åtte pelar.

I framtida skal sykkelvegen kryssa nyvegen i eit fotgjengarfelt ved avkøyrsla for gamlevegen, som blir lokalveg og turistveg for dei som vil sjå Skjervsfossen frå hårnålssvingane.

Timesregel
Sidevegen til Bulko og hyttefeltet Stuaset-Holo skal leggjast på taket av betongportalen i tunnelmunningen. Hyttefolk som skal til Voss må difor passera bommen, sjølv om hytta ligg i Voss kommune, men slepp å betala to gonger om dei er attende innan ein time. Tilsvarande slepp bilistar mellom Granvin og Vaksdal unna med å betala for ei passering sjølv om dei køyrer gjennom to bomstasjonar.

Les også

Siste fra Lokalt

Nå er det snart
slutt på varmen

Det er ventet temperaturfall på ti grader.

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger