For sak om bading og allergi, sjå lenke i den høgre margen.

Maren Tveit (48) i Bergen blir heilt utslått av våren. Mens andre nyt finvéret på Vestlandet, søkjer ho tilflukt innandørs. Hasselen har skulda.

— Kvar dag vaknar eg med gjenklistra, kløande auger, og vondt i hals og øyre, fortel pollenallergikaren til BT.

— Eg er trøytt, sliten, uopplagt, har hodepine, kvalme og konsentrasjonsvanskar.

— Må gjennom eit langt ritual kvar morgon berre for å klarne stemma mi. Drikk, hostar, harkar og spyttar slim.

Vanlegvis tek spreiing av hasselpollen til kring 18. mars på Vestlandet, men på grunn av mildt vér begynte sesongen 1-2 veker tidlegare i år.

- Kan ikkje nyte våren

— For å seie det slik: Eg gler meg over det fine véret på andre sine vegner. Heilt topp! Men sjølv kan eg ikkje nyte våren på same måte. Eg må vere inne.

For henne og mange andre pollenallergikarar varer plagene frå mars til september. Kvart år. Først kjem or- og hasselsesongen, som vanlegvis er over kring 20. april.

— På grunn av den tidlege starten er den truleg over alt om ei veke, trøstar forskar og botanikar ved NTNU, Hallvard Ramfjord.

Også seljepollen kan gje folk pustevanskar i april, men om ein let vere å stå under eit blomstrande seljetre eller ta med gåsungar innandørs, er mykje gjort.

Den eine avløyser den andre

Verstingen - bjørkesesongen - tek til kring 4. mai. Når den er over tre veker seinare, blir det ein liten pustepause til midten av juni. Då tek grassesongen til, den lengste av alle.

— Det er fordi mange artar blomstrar til ulike tider. Når ein sluttar, byrjer ein annan, forklarar Ramfjord.

Til slutt kjem perioden med burotpollen, som varer frå 20. juli til 10. august.

— Fordi dette er på tampen av pollensesongen er immunsystemet nedslitt hos mange allergikarar. Derfor skal det berre små pollenmengder til før dei får følbare problem.

- Mange kan få eit betre liv

1,5 millionar nordmenn har ei eller anna form for allergi. Talet er aukande, særleg blant born og unge.

Maren Tveit har hatt store plager sidan byrjinga på 90-talet, og vurderer no eit 3-årig vaksinasjonsprogram for å få eit betre liv. I dag arbeider ho som fylkessekretær i Hordaland for Norges Astma og Allergiforbund.

— Mange trur at dei berre er forkjøla kvar vår, mens dei eigentleg er allergiske. Eg oppfordrar derfor folk til å ta kontakt med oss, fordi vi har mykje informasjon om allergi og kan gje gode råd. Mange allergikarar kan få eit langt betre liv i pollensesongen, seier Tveit.

Sjå også

TUNG VÅR: Mens andre nyt finvéret på Vestlandet, søkjer Maren Tveit tilflukt innandørs. Som pollenallergikar går ho ei tung tid i møte.
FOTO: ROAR CHRISTIANSEN