Det er avisa Hordaland som i dag fortel historia om tjuvjakten på Voss natt til søndag.

Knut Vedå hadde vore på jakt nokre timar då han oppdaga ein bil som kom køyrande frå Voss oppover Bordalen.

Skaut frå bilen

Bilen stogga, så small det. Vedå såg to menn springa ut av bilen for å henta den daude hjorten i skogen. Bilen forsvinn av garde.

Etter om lag eit kvarter kjem bilen tilbake. Dei to karane dreg hjorten til bilen og lempar den inn.

Vedå valde å ikkje gjera seg tilkjenne overfor tjuvjegrane.

— Sidan eg var åleine er det ikkje spesielt kjekt å konfrontera slike folk så lenge dei ber våpen, seier Vedå til avisa Hordaland.

- Vil sperra vegen

  • Eg syns det er litt kjedeleg at dei tek seg til rette på denne måten. Det vil vi ha vekk, seier Øyvind Dyrdal, som er formann i Gjerald jaktfelt, til bt.no.

- Er det mykje tjuvjakt?

— Ein har hatt mistanke om tjuvjakt i dette området før og, men vi har ikkje hatt bevis før no.

- Trur du det er lokale folk?

— Eg er ganske sikker på at dei er godt kjent i området. Opplever vi at dette skjer igjen vil vi sperra vegen og hindra at dei kjem ut av dalen, seier Dyrdal til bt.no.

- Heilt ulovleg

  • Tjuvjakt er heilt ulovleg, men vi får ikkje mange meldingar om tjuvjakt i løpet av året. Denne saka vil vi sjølvsagt etterforska, seier politiførstebetjent Einar Bystøl i Voss lensmannsdistrikt.

- Kva straff får ein for tjuvjakt?

— Det kan føra til bøter og inndragning av våpen, seier Bystøl.