— Dette er ikkje vanlege gutestrekar, men alvorleg miljøkriminalitet. Dei tek opp dei aller siste gytefiskane i ei svært truga og svært verdfull laksestamme, seier fiskeforvaltar Atle Kambestad til Bergens Tidende.

Han er skuffa over lokalsamfunnet på Stamnes som etter alt å døma kjenner til tjuvfisket, utan å gjera noko for å stogga det. Tjuvfiskarane verkar veldig drevne, og må ha halde på lenge. Stamnes-samfunnet levde sjølv av laksen i tidlegare tider. Lokalsamfunn i Voss og Vaksdal taper millionsummar på at laksefisket i Vossavassdraget ligg nede. I tillegg til fiskekorta, mellom anna i Bolstadelva, representerer ringverknadane store verdiar, påpeikar Kambestad.

— Her vert det stole på uslaste måte frå fellesskapet, seier han til Bergens Tidende.

— Kva risikerer tjuvfiskarane dersom dei vert tekne?

— Etter mi meining er det ikkje nok med den tradisjonelle inndraginga av garnet og eit par tusen kroner i bot. Etter internasjonale avtalar har vi plikt til å verna om den særmerkte Vossolaksen. Eg vil samanlikna med eggrøvinga på Orknøyane, der det blir utferda bøter på 900.000 kroner. Vossolassen er minst like utryddingstruga som rovfuglane vest i havet, seier Kambestad.

Også ved Universitetet i Bergen er ein opprørt over tjuvfisket. Dei har eit større forskingsprosjekt i gang på laksestamma.

Forskar Sven Erik Gabrielsen seier til Bergens Tidende at plassering av garn i «flaskehalsen» ved Straume bru, er svært effektivt og kan verta dråpen som definitivt tek knekken på Vossolaksen. All laks som skal opp i vassdraget må passera gjennom det smale og grunne sundet på Straume.

— Garnet som Tore Wiers i Naturoppdrag AS fann, vart oppdaga fordi det hadde eit tau i land, fortel Gabrielsen.

Garnet var elles eit typisk tjuvfiskegarn, festa til botnen med murstein. Det meste av tida, når straumen er sterk, ligg garnet flatt og usynleg. I overgangen mellom fjørande og fløande sjø, står det loddrett, og fiskar effektivt når laksen går opp med floa.

— Vi har også fått opplysningar om at garn vert kasta ut i sundet ovanfor elva, og teke opp att nedanfor etter å ha drive med straumen, fortel Gabrielsen.

I garnet som Wiers kom over, stod det fire døde laksar og to levande sjøaurar.

I tillegg kom politiet natt til onsdag over eit garn rundt 100 meter aust for Straume bru. I garnet stod fire sjøaurar, alle i live.

— To av dei var likevel såpass skadde av garnet at dei kanskje ikkje overlever, seier politiforstebetjent og miljøkoordinator Terje Haugland ved Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende. Han opplyser at politiet har teke ti ulovlege garn i fjordsystemet innanfor Nordhordlandsbrua siste veka, og intensiverer overvakinga med nattlege raid. Fleire av garna vart funne innanfor soner med særleg vern, mellom anna i Dalevågen og Bolstadfjorden.

Men dei drivne tjuvfiskarane har dei ikkje fått has på. Dei som sist gjekk i fella, i Bjørnefjorden, slapp unna med 5.000 kroner kvar i bot.

— Det er vanskeleg å spå kva nivå retten i siste instans vil legga seg på, men den som vert teken i Bolstadfjorden kan rekna med ei tredobling, minst. Dessutan vert garn, båt og eventuell motor truleg inngregne, seier Haugland.