Terje Haugland i Statens Naturoppsyn har jakta på tjuvfiskarar i 15 år, men aldri sett noko så ille som synet som møtte han i Seimsfjorden i Lindås kommune laurdag.

Fire garn og nøter gjorde det praktisk tala uråd for gyteklar sjøaure å ta seg opp i dei to elvane. Haugland og kollegane Sverre Tveiten talde opp mellom 15 og 20 fine sjøaurar då dei drog garna.

— Det er første gangen eg har tatt så mykje, seier Haugland om garnfangsten.

Alvorleg miljøkriminalitet

I tørre periodar er dei to elvane berre nokre rislande bekkar, i regnver veks dei til fossande småelvar med god oppgang av sjøaure.

Sverre Tveiten i Statens Naturoppsyn fryktar tjuvfiskarane gjer stor skade.

— Dette er alvorleg i og med at dei stengjer av elveløpa nett i gytetida. Dei øydelegg ustyrleg mykje med tanke på seinare produksjon.

Statens Naturoppsyn vil melde fisket til politiet, som også vil ta han om fiskereiskapen.

Haugland seier ei liknande sak ein annan stad i Hordaland i vår, der ein person vart teken med eitt garn som var sett ulovleg i elveosen, enda med 10.000 kroner i bot.

Skuffa grunneigarar

Grunneigarlaget i Seim ønskjer å kultivere dei to elvane. Dei er skuffa over det ulovlege fisket som vart avdekte/avdekt i helga, og fryktar tjuvfisket skal øydeleggje for planen om å gjenreise dei to elvane som gode og lett tilgjengelege fiskeelvar.

I første omgang er målet å samle grunneigarane om å gjere noko med Vågaelva som renn ned frå Seimsvatnet, seier leiar i grunneigarlaget, Alv Nepstad.

Gamle fiskehølar skal gjenskapast, og dei uframkomelege elvebardane gjerast framkomelege på nytt.

— Vi vil samla alle gode krefter og gi elva eit løft, seier Nepstad.

Flaumelvar

Målet er ikkje å tene pengar, men gjere elvane til ein trivselsskapar i bygda, seier Nepstad.

Sambygding og fiskeentusiast Anders Kvamme minnest historier frå 50-og 60-talet då bygdefolk tok store mengder sjøaure med ein fiskemetode som kallast lystring. Metoden - lys og spyd - er ikkje lov lenger, men fangsten fortel noko om at elva har eit stort potensial, meiner Kvamme.

Dei to små elvane i Seimsfjorden er sjøaureelvar, og først og fremst brukt av lokale fiskarar.

Dei gode fiskeperioden kan vere korte, fortel Anders Kvamme. Det gjeld å vere på staden når regnet høljar ned, elvane veks og auren vil gå opp.