— Det er nesten uråd at denne gjenstanden berre kan ha falle av lastebilen, seier dagleg leiar Tore Kjos i Read Well Group, boreselskapet som eig det avanserte logg-verktøyet av typen ASR-035.

Inne i buskaset

Historia startar ein aprildag i fjor. Far og son ruslar langs E39 litt nord for Sande i Sunnfjord, på leiting etter flasker i buskaset langs vegen. Faren vil at guten lærer å ta vare på verdiane rundt seg, og no like etter snøsmeltinga kan flaskefangsten vere god.

Ein kilometers veg frå heimen får 11-åringen auge på noko blankt inne i eit bringebærris, nokre få meter frå asfaltkanten på E39. Ut av buskaset dreg dei fram ein lang, sylinderforma gjenstand i rustfritt stål, om lag 20 kilo tung. Han anar ikkje kva det er, men skjønar den er av verdi og kan ha falle av ein bil.

Dei påfølgjande dagane startar Myrmel arbeidet med å finne ut kva dette er, og kven som eventuelt eig det. Han trur først det er ei slag pumpe, og ringjer diverse rørleggarfirma. Deretter eit brønnboringsfirma. Så helikopterselskapet Airlift.

Ingen av dei har kjennskap til den mystiske gjenstanden.

I eit par månader gjev han opp. Så ringer han ein kjenning som er geolog i Statoil, og sender over eit bilete av tingesten.

Bingo.

Ingen svar frå Read Well

Ganske snart vert det klart at gjenstanden truleg er eit såkalla loggeverktøy, brukt til å samle inn seismiske data frå borehol på oljefelta. Og at det høyrer til det multinasjonale brønnselskapet Read Well Group.

— Eg forklarte kva eg meinte å ha funne. Dei lova å behandle saka seriøst, og eg sende dei gjenstanden slik dei bad om, fortel Myrmel.

— Eg fortalde også at eg tidlegare hadde fått finnarløn i ei liknande sak. På dette tidspunktet var også politiet orientert om funnet.

Men etter at selskapet hadde motteke instrumentet, var det slutt på velviljen. Noko finnarløn dukka ikkje opp, og dei svara ikkje på gjentekne purringar frå Myrmels side. I fjor haust bad Myrmel attpåtil lensmannen om hjelp til å få firmaet i tale, utan større hell. Ei heller på e-post svara selskapet, inntil dei på eit tidspunkt opplyste at saka var oversendt forsikringsselskapet.

— Like før påske gav eg Read Well ein siste sjanse, og sa at eg ville kontakte advokat dersom det ikkje løyste seg. Eg hadde da sendt ti purringar sidan sommaren før.

«Ikkje truverdig»

Først da advokaten kontakta selskapet, kom det svar. Ifølgje Read Well har ASR-035 ein verdi på rundt 70.000 kroner, og dei tilbaud 7.000 i finnarløn.

— Samtidig sa dei i klare ordelag at mi forklaring ikkje var truverdig, og at instrumentet måtte ha kome i mine hender som følgje av ei kriminell handling, seier Myrmel, som også har opplysningar som tyder på at verktøyet kan vere meir verd enn selskapet hevdar.

— Eg har lagra e-postane der skuldingane deira kjem fram, og politiet har fått kopi.

Overfor BT gjentek dagleg leiar i Read Well Group, Tore Kjos, dei indirekte tjuveriskuldingane mot Myrmel.

— Dette er eit verktøy som ligg festa inne i ein konteinar oppe på eit lasteplan. Ein kan spørje seg om det er mogeleg at så mykje verdfullt gods fell av bilane akkurat der, seier Kjos, og siktar til det tidlegare funnet Myrmel var involvert i.

— No brukar han advokat mot oss og trur visst han skal få millionar ut av dette.

Ove Myrmel seier han har hatt nærare 10.000 kroner i utgifter og ein masse arbeid med denne saka. Han er berre oppgitt over oppførselen til brønnselskapet.

— Det er simpelt. Eg kjem aldri til å ta imot noko finnarløn så lenge dei samtidig seier eg er kriminell. Eg måtte bruke advokat for å få firmaet i tale, ikkje for å tyne dei for pengar. Moralen i denne historia er berre trist, meiner Ove Myrmel.

oddleiv apneseth