Eit nøkkelspor i etterforskinga av bombe-kollisjonen Sverige 12. august, der tre omkom, er dei to stolne bilane som var innblanda. Tjuveria av bilane framstår som stadig meir utspekulerte ettersom spora blir gått opp:

  • I midten av juli greidde ein mann å få utlevert nye skilt til ein mørk Mercedes E240 1999-modell via Statens Vegvesens trafikkstasjon i Larvik. Bilen var ikkje hans, men stod for sal i ei bilforretning i Oslo.
  • Fleire dagar seinare, i byrjinga av august, vart ein nesten prikk lik Mercedes E240 stole frå Granheim Bilsenter på Askøy.
  • Den stolne bilen vart påført skilta som var utlevert i Larvik. Desse var ikkje etterlyst av politiet, og ved ein politisjekk opp mot offentlege bilregister ville ingen alarmklokker ringje.
  • Deretter vart bilen køyrd til Oslo og vidare i retning Danmark eller Tyskland. Utanfor Halmstad i Sverige kolliderte bilen med ein Opel som hadde punktert.

BMW-en som kom like bak Mercedesen til ulykkesplassen, har ei nøyaktig lik forhistorie.

Også denne var stole i bergensområdet og påført skilt med registreringsnummeret til ein «tvilling-bil» på Austlandet.

Statens Vegvesen undersøkjer no korleis tjuvane greidde å få utlevert skilta som seinare vart skrudd på dei stolne bilane.

— Våre undersøkingar viser at det var same person som henta ut skilta til båe dei innblanda bilane, seier etatsdirektør Kjell Bjørvig i Statens Vegvesen. Det eine paret vart henta ut i Larvik, det andre i Sandefjord nokre veker seinare.

Statens Vegvesen lovar ein full revisjon av alle rutinar knytta til utlevering av nye skilt.

Systemet svikta på minst to punkt då skilta vart levert ut:

  • Mannen som bad om å få nye skilt, hevda at dei var stolne. Han vart ikkje kravd for tapsmelding frå politiet, slik reglane seier.
  • Opplysingane om at nye skilt var utlevert vart ikkje lagt inn i det sentrale bilregisteret Autosys, slik dei skal.

26-åringen som køyrde den stolne BMW-en sit framleis varetektsfengsla i Sverige. Det vart funne både ei bombe, sprengstoff og fenghetter i dei to bergensbilane etter dødsulykka, i tillegg til eit femsifra pengebeløp.