— Skuffer og skap var opna og det låg papir strødd utover golvet. Det var ikkje noko fint syn. Men hell i uhell, den eller dei som var her fekk berre med seg ein hundrelapp og eit gullsmykke, seier Emma Haukaas til Bygdanytt.

Døra var open

95-åringen bur i ein servicebustad i Ytre Arna. Innbrotet må ha funne stad mellom klokka seks og halv ni om morgonen forrige tirsdag, for Emma Haukaas pleier nemleg å stå opp for å låsa opp døra klokka seks om morgonen.

— Eg har hatt for vane, eller kanskje ein skal seia uvane, å låsa opp døra rundt klokka seks. Og så har eg lagt meg igjen. Dette har eg gjort i tilfelle eg ikkje høyrer ringeklokka når heimesjukepleien kjem, seier ho til Bygdanytt.

Men det gjer ho ikkje meir. Heimesjukepleien har nemleg nøklar til leilegheita.

— Eg kan forsikra om at eg har slutta med det no. Men du veit, før i tida låste me nesten aldri dørene, seier ho.

Lar seg ikkje skremma

Innbrotet blei oppdaga då heimesjukepleien kom og vekte henne klokka halv ni.

Sjølv om 95-åringen synest hendinga er ubehageleg, er ho ikkje redd.

— Det er sjølvsagt ekkelt å tenkja på at nokon har vore inne på soverommet mitt og rota. Og attpåtil medan eg sov. Men eg lar meg ikkje skremma så lett, seier Haukaas til lokalavisa.

Smykket har ho ikkje håp om å få tilbake.

— Det er trist, for smykket hadde ein viss affeksjonsverdi, seier ho.

IKKJE REDD: Emma Haukaas fryktar ikkje nye innbrot. - Dei har nok gjort seg ferdige her. Og kjem dei igjen, så kjem dei igjen. Det er vel ikkje noko eg kan gjera med det, seier ho til Bygdanytt.
ENDRE LILLETVEDT, BYGDANYTT