Montørar frå Bravida AS arbeidde på spreng heile fredag for å gjenoppretta telefonlinenettet i Husnes sentrum. I totida om natta hadde ein eller fleire personar brote seg inn ein av Telenors koplingsboksar og røska laus samtlege leidningar.

— Vi fekk ikkje ekspedert kundane på vanleg måte før i 14-tida, seier Kvinnherad Sparebank sin it-sjef Bjørn Straume til Bergens Tidende.

KS-bank sin filial i Husnes Butikksenter, Sør-Norge Aluminium og avisa Kvinnheringen var blant abonnentane som fekk problem med bortfall av data- og telefonliner. Korkje minibankar eller betalingsterminalar i butikkar kunne nyttast før langt på dag.

Aluminiumfabrikken, banken og avisa var blant abonnentar som Telenor prioriterte ved gjenoppretting av sambandet i koplingssentralen. Helsesenteret, aldersheimen, skulane og kjøpesenteret Torghuset er knytt til ein annan sentral og blei ikkje ramma av telefon- og databrotet.

Ønskjer tips

Ifølgje Kvinnherad lensmannskontor var det ingen ting i går som tyda på at telefonsabotasjen blei utført for å skjula andre brotsverk i området. Det var til i går ettermiddag ikkje kome inn melding om andre innbrot på Husnes.

— Vi er interesserte i opplysningar frå folk som kan ha sett personar ved koplingsboksen nedanfor samfunnshuset natt til fredag, seier lensmannsbetjent Tor Vidar Sæle.

I går var det ingen avgjerande spor etter gjerningsmenn. Sambandet braut saman om lag klokka 2 om natta. Øydelegginga har skjedd ved at nokon har bora opp låsen i kiosken mellom Opsangervatnet og Husnes samfunnshus.

TELEKAOS: Bravida-montørane Jostein Teigen og Helge Vaage (bak) og Gunnar Vaage (skjult) fekk ein stri tørn i går med å ordna opp etter hærverket som braut telefon- og datasambandet for nær 500 abonnentar på Husnes.
Foto: Ove Olderkjær