Like etter klokka 08.30 torsdag fekk Hordaland politidistrikt melding om at uvelkomne gjester har vore på ferde på ordførarkontoret på Askøy.

— Dette er veldig ubehageleg, seier Askøy-ordførar Siv Høgtun.

Ordføraren er i formannskapsmøte og hadde ikkje vore innom kontoret på Askøy rådhus på Kleppestø, då BT snakka med henne torsdag morgon. Tilfeldigvis tok Høgtun med seg sin eigen pc heim frå jobb dagen før.

— Så skjer dette. Utruleg, seier ho.

Saka blir etterforska av Askøy/Sotra/Øygarden lensmannskontor.