Totalt fire personar vart arresterte etter det voldsomme tjuveri— og hærverksraidet. I sterkt rusa tilstand gjorde dei fire innbrot fleire stadar, og både båtar og bilar vart ramponerte.

Alle fire har tilstått, og er no sette fri.

Men to av dei har av politiet fått beskjed om å halde seg edrue. I tillegg til rusforbodet må dei melde seg på politistasjonen i Florø kvar einaste dag fram til nyttår.

Det kjem til å verte reist tiltale mot alle fire som var med på raidet.