• Dei har nok ikkje hatt særleg peiling på gull, seier gullsmed-eigar.

Torsdag morgon oppdaga tilsette ved gullsmeden Bjørklund på Lagunen det noko uvanlege tjuveriet.

— Dei har fått med seg både ringar og smykker. Men absolutt ingenting av verdi, seier butikkeigar Kjersti Selnes.

Tjuveriet skal ha skjedd onsdag medan butikken var open, seier Janne Steimler i Hordaland politidistrikt.

Smykker laga av messing

Tjuvane har tatt med seg smykker frå eit utstillingsvindu der det berre låg sokalla "dummies", altså verdilause kopiar av smykker i butikken.

Ifølgje butikkeigaren er det ingen sjans for at tjuvane får selt kopiane vidare.

— Ingen av desse smykkene har gullstempel, så desse får dei nok ikkje selt til nokon. Det er smykker laga av messing. Dei er ikkje verdt noko som helst.

Ho har framleis ikkje tatt stilling til om ho skal melde tjuveriet til politiet.

- Totalt verdilaust

Politiet blei varsla om hendinga like etter klokka 11.00 og har torsdag vore på staden for å gjere undersøkingar.

— Tjuvane har ikkje fått med seg noko av verdi, men dersom butikkeigaren vel å anmelde blir det oppretta sak, seier Steimler.