Politiet i Samnanger står førebels utan spor etter innbrotet i Gjerde kolonial natt til søndag. Tjuven fekk med seg tobakk og sigaretter, kontantar og toalettsaker.

— Tjuven var truleg inne i butikken på dagtid. Her har han låst opp ei dør frå innsida som han seinare brukte til å ta seg inn i butikken på natta. Alarmen var ute av funksjon denne natta, så tjuven fekk fritt spelerom, seier lensmann Marit Erstad ved Samanger lensmannskontor til bt.no.

Politiet har førebels ikkje oversikt over kor store verdiar som er stole. Erstad vil ikkje sei noko om korleis etterforskinga går føre seg, men ho har eit håp om at tjuven skal bli fakka.