Valdsutøvinga skjedde utanfor eit tivoli på Stord i fjor då 18-åringen hevda at han ville ta att for eit slagsmål på tivoliet året før.

Den dømte kan takka eit tidlegare plettfritt rulleblad for at han slepp å gå i fengsel.

Derimot må han betala 2300 i erstatning til valdsofferet for lege— og medisinutgifter, 5000 kroner i oppreisning og tusen kroner i sakskostnader.