– Sjå her. Eg har kommisjonæravtalen liggande, seier Rolf Jersin, og leitar fram ei flat øskje frå bakrommet.

Øskja har etikett med påskrifta Materiell for Norsk Tipping AS.

Inni loket er det liste over innhaldet.

Leigde frå svenskane

Her er alt utstyret som ein tippekommisjonær anno 1948 var oppsett med. Bortsett frå sjølve stemplingsmaskina, sjølvsagt. Den stod på disken. I øskja låg bruksrettleiinga og leigeavtalen med den svenske fabrikanten. Skriftlege avtalar var dei nøye på i tippeselskapet.

– Kommisjonæravtalen vår er datert 7. november 1947, og var klar i god tid før tippinga kom i gang i april 1948, syner Rolf Jersin.

Sjå heile Jersins søknad og kontrakt her (pdf)

Den svenskleigde maskina er for lengst bytta ut. I dag er det elektronikken som har overteke. Dataløysingar for eine spelet etter det andre som Norsk Tipping sett i gang med. Fotballtipping, med eller utan sikker heimesiger for Wolverhampton, har gått frå einerådande til ein beskjeden plass i hjørnet. Sjølv om ein ikkje lenger treng å fylla ut 1, x eller 2 for kvar kamp, tre gonger på kvar kupong.

Pionerane gjer seg

I 1947 kunne Thorstein Jersin signera avtale med Norsk Tipping på vegne av sitt eige firma. Han hadde overteke Hansa-agenturet etter faren, og døypt om firmaet frå B. Jersin til Th. Jersin. Den gongen måtte folk kjøpa øl i heile, førehandstinga kasser. I dag kjøper folk øl i daglegvarebutikken, men Rolf Jersin, son av Thorstein, held sin butikk gåande med kioskvarer, tipping, lotto, vikinglotto, flax, V75 og kva dei no heiter, alle spela.

– Th. Jersin er ein av seks kommisjonærar som har vore med frå starten, og framleis held det gåande. Dei fleste pionerane har lagt ned eller blitt oppkjøpt av kjeder, seier Magne Vikøren i Norsk Tipping.

Det har han funne ut i samband med tippeselskapet sitt 60-årsjubileum.

Så var det ikkje ein multimilliongevinst han ringde om, likevel.

TIPPEVETERAN: Rolf Jersin er andre generasjon tippekommisjonær i Th. Jersin i Vangsgata på Voss.
Arne Hofseth
I BOKS: Alt du trong for å vera kommisjonær i Norsk Tipping på 40-talet fekk plass i denne øskja. Bortsett frå stemplingsmaskinen, utleigd mot kontrakt av eit svensk bolag.
ARne Hofseth
AVTALE: Th. Jersin si kommisjonæravtale med Norsk Tipping er datert 7. november 1947, i god tid før fotballtippinga kom i gang i april 1948. <b><a href="http://www.bt.no/multimedia/archive/00418/Jersin_418203a.pdf">Sjå heile Jersins søknad og kontrakt her. (pdf)</a></b>